LEDIGE STILLINGER MED INTERNASJONALT FOKUS:

Vil du drive NHH si satsing på internasjonal praksis?

NHH søkjer etter deg som er engasjert og dyktig, som trivs i eit internasjonalt miljø med ein variert kvardag, der du har mykje kontakt med studentar og samarbeidspartnar over heile verda.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 20.11.2025

Vi søkjer etter deg som er engasjert og dyktig, som trivs i eit internasjonalt miljø med ein variert kvardag, der du har mykje kontakt med studentar og samarbeidspartnar over heile verda. Du har god digital kompetanse som bidrar til utvikling av prosessar og strukturar. 

NHH er leiande på studentmobilitet i Norge og som vår nye medarbeidar vil di hovudoppgåve vere knytt til utvikling og drift av praksismobilitet som gir studentar høve til å vere i praksis hjå ein arbeidsgivar i ein periode som ein del av utdanningsløpet. 

Du vil inngå i NHH Karrieresenter ved Seksjon for internasjonale relasjonar, som er ein del av Studieadministrativ avdeling. Karrieresenteret bidrar til den personlege og profesjonelle utviklinga til studentane.

Hovudoppgåver vil vere å

Om arbeidsgiver:

Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar over heile verda. NHH er førstevalet for studentar som vil ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.

Aktivitetane våre er prega av høg kvalitet, sterke etiske standardar og innsats for felles mål. I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi og deler ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH ligg i Bergen og har rundt 3 750 studentar og 455 tilsette.

  • sakshandsame, administrere og vidareutvikle høgskulen sine program for praksismobilitet med fokus på effektiv drift og kontinuerleg forbetring
  • rettleie og rådgje studentar og verksemder om praksismobilitet
  • koordinere og gjennomføre events og arrangement for studentar og verksemder 
  • følge opp verksemder som tilbyr studentane praksisplass, kvalitetssikre og vedlikehalde avtalar 
  • sørge for at emneansvarlege har naudsynt informasjon om administrative rutiner og endringar 
  • rettleie studentar om karrieremoglegheiter og jobbsøking 
  • delta i andre arbeidsoppgåver på seksjonen

Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast. Arbeidsoppgåvene kan endre seg over tid.

Kvalifikasjonskrav 

  • Relevant høgare utdanning, minimum tilsvarande bachelorgrad. Realkompetanse med relevans for oppgåvene kan i nokon høve kompensere for utdanningskravet.
  • svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk 
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk 
  • gode ferdigheiter med bruk av digitale verktøy 
  • erfaring frå liknande arbeid 

Det er ein fordel at du har 

  • sakshandsamarkompetanse frå det offentlege 
  • internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet 
  • kjennskap til universitets- og høgskulesektoren 
  • språkkunnskapar i andre framandspråk 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som 

  • arbeider sjølvstendig, tar initiativ og som ser løysingar 
  • har evne til å jobbe målretta og strukturert 
  • har evne til å prioritere i en hektisk arbeidssituasjon, planlegge og organisere arbeidet 
  • kommuniserer godt og som er godt til å samarbeide og bygge relasjonar 
  • er utviklingsorientert og har evne til å utvikle nye prosessar 

NHH tilbyr

  • varierte faglege utfordringar
  • eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning og inkluderande arbeidsliv
  • gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) (www.spk.no)
  • velferdsgode som subsidiert trening og bedriftshytte

Stillinga har kode 1363 - seniorkonsulent og er lønna med kr. 588 000- 635 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna. 

Kontaktpersoner:

Ann-Mari Haram, Leiar for NHH Karrieresenter ann-mari.haram@nhh.no tlf. 941 75 804.

Powered by Labrador CMS